Undervisningsstillingar – Nore Neset barneskule

Vikariat
Midthordland
Lagt ut for 4 dager siden

Job Features

BransjeSkole og undervisning
Del stillingen:

Job Description

Beskrivelse

Ved Nore Neset barneskule er det ledig inntil to pedagogstillingar (vikariat) frå 01.01.20 – 31.07.20 med mogleg forlenging ut året. Stillingsstorleik er om lag 100% på stillingane, og dei vil vera knytta til 1.- 4. trinn. Det kan bli aktuelt med kontaktlæraransvar.

Arbeidsstad

Nore Neset barneskule ligg plassert på Skeismyra. Skuleåret 2019-20 har vi om lag 370 elevar og 40 tilsette. Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter difor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Vi er rause med ros og oppmuntring. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt borna.

Vår visjon er “saman om læring”. Les meir om skulen på nettsida: http://www.noreneset.no.

Arbeidsoppgåver

Vi treng gode klasseleiarar som:
– inspirerer born og vaksne og bidrar til livsglede og lærelyst
– bidrar til samarbeid og gode relasjonar blant vaksne og born
– skaper engasjement for å sikra godt læringsmiljø og læringsresultat
– er ein tydeleg vaksen

Kvalifikasjonar

Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet.Vi søkjer lærarar med god kompetanse i grunnleggjande dugleikar og i kunnskapsfaga. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

Vi treng vaksne som går føre som tydelege og engasjerte rollemodellar/ leiarar og som har gode samarbeidsevner. God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Vi nyttar nynorsk som offentleg skriftspråk. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Søkjarane vil elles bli vurderte i høve til skulen sin trong. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Ein føresetnad for tilsetjing er godkjent politiattest i høve opplæringslova.

Vi tilbyr

Profesjonelle læringsmiljø.
Innføring for nytilsette.
Nettverkssamarbeid på ulike område.
Fora for samhandling mellom tenestene.
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på “søk på stilling” og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen “Glemt brukernavn/passord” eller ta kontakt med personalavdelinga.