Undervisningsstilling – Kuventræ barneskule

Vikariat
Midthordland
Lagt ut for 2 uker siden

Job Features

BransjeSkole og undervisning
Del stillingen:

Job Description

Beskrivelse

Vi har to ledige vikariat frå 01.01.2020-31.12.2020

Arbeidsstad

Kuventræ barneskule ligg like ved Kuventræ idrettsplass, og har i dag omlag 365 elevar og 45 medarbeidarar. Skulen ligg flott plassert, med gode fasiliteter for ein aktiv skuledag året rundt. Visjonen vår er at “på Kuventræ barneskule skal ingen vera utanfor”, og dette legg vi stor vekt på i alt vi gjer.

Arbeidsoppgåver

Lærararbeid med undervisning på 1. – 7 trinn i små og store grupper, og både tilpassa opplæring og spesialundervisning kan bli aktuelt.

Kvalifikasjonar

Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet, med kompetane til å undervise i barneskulen. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
God muntleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Vi nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk i Os kommune.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Ønska kvalifikasjonar

I tillegg til formell kompetanse, er vi opptekne av personlege eigenskaper. Vi ønskjer oss snille og gode medarbeidarar som er glad i å jobbe med barn, og som er strukturerte og tydelege, med gode evner til å kommunisere. Engasjement, fleksibilitet, samarbeid, og vilje til endring og utvikling er viktig for oss.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på “søk på stilling” og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen “Glemt brukernavn/passord” eller ta kontakt med personalavdelinga.