Tilkallingsvikarar – Legevakta

Vikariat
Midthordland
Lagt ut for 2 måneder siden

Job Features

BransjeHelsepersonell
Del stillingen:

Job Description

Beskrivelse

Er du sjukepleiar eller medisinerstudentar m/lisens?
Samnanger og Os legevakt/Moberg legesenter treng tilkallingsvikarar.

Arbeidsstad

Samnanger og Os legevakt/Moberg legesenter.
Vi er samlokalisert med Ambulansetenesta, og Brann og redning i Mobergsbakken 111, Os.
– Legevakta skal sikra befolkningens behov for øyeblikkelig hjelp. Legevaktordninga skal blant anna vurdere, gi råd og
rettleia ved henvendingar om øyeblikkeleg hjelp
– Diagnostisere og behandle akutte medisinske tilstandar ved legekonsultasjonar og sjukebesøk og ved behov
henvise til andre tenester i kommunen, blant anna fastlege, og eventuelt spesialisthelseteneste
– Yte hjelp ved ulukker og andre akutte situasjonar, blant anna rykke ut umiddelbart når det er nødvendig.
Moberg Legesenter er eit kommunalt fastlegekontor i Os kommune og held til i same lokala som legevakta.

Arbeidsoppgåver

Arbeidet går ut på å svara på henvendingar til legevaktsentralen for kommunane Austevoll, Fusa, Os og Samnanger, samt teamarbeid saman med lege- og ambulansepersonell på legevakta og ute i kommunane Samnanger og Os.

Vi treng tilkallingsvikarar på helg, ved sjukdom, i feriar og ved høgtider.

Kvalifikasjonar

Du må ha autorisasjon som sjukpleiar eller væra medisinar student m/lisens
– Du må kunne jobba sjølvstendig
– Du må kunne håndtera akutte situasjonar
– Du må ha generelle datakunnskapar
– Du må ha sertifikat, klasse B
– Det vert lagt særleg vekt på dine personlege eigenskapar

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest

Vi tilbyr

Ein spanande og utfordrande arbeidsplass, godt tverrfaglig samarbeid.
Ein kvardag med variasjon, mangfold og kompleksitet.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på “søk på stilling” og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen “Glemt brukernavn/passord” eller ta kontakt med Personalavdelinga.