Tilkallingsvikarar 2019 – Tenester for utviklingshemma

Vikariat
Midthordland
Lagt ut for 3 måneder siden

Job Features

BransjeHelsepersonell
Del stillingen:

Job Description

Beskrivelse

Teneste for utviklingshemma i Os kommune har behov for tilkallingsvikarar som kan arbeide dag- kveld- og nattskift.
Som tillkallingsvikar kan vi tilby vakter/arbeid ved fråvær pga sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft. Tilkallingsvikarar har ikkje rett på å bli tilbudt arbeid eller plikt til å påta seg tilbudt arbeid.

Arbeidsstad

Teneste for utviklingshemma består av seks bufellesskap og eit dagsenter. I tillegg leverer ambulante tenester til heimebuande tenestemottakarar.

Arbeidsoppgåver

Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane.
I funksjonen inngår førebygging, habilitering og rehabilitering. Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng
for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar

Som tilkallingsvikar ønskjer vi at du har du har relevant helse- sosialfagleg eller pedagogsik utdanning eller er i eit slikt utdanningsløp.
Er du ufaglært og har interesse for arbeid med menneske er du også velkomen til å søkja, og di tidlegare arbeidserfaring vil bli vurdert i høve til relevans.

Det blir og lagt vekt på personlege eigenskapar;
– du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
– du er positiv og lærevillig
– du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Søkjarar utanfor Norden må legge fram dokumentasjon på gode norskkunsskapar og gjennomført norsktest på B1/B2 nivå.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på “søk på stilling” og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen “Glemt brukernavn/passord” eller ta kontakt med Personalavdelinga.