Sjukepleiar 85% fast stilling på Luranetunet

Deltid
Midthordland
Lagt ut for 2 uker siden

Job Features

BransjeHelsepersonell
Del stillingen:

Job Description

Beskrivelse

Nye Luranetunet vart opna i november 2017 og rommar 2 korttidsavdelingar, 9 langtidsavdelingar, dagsenter, ressurssenter, base for heimetenester og serviceavdelingar. Vi har og ein ny og flott innebygt tropehage på 1300 m2 kor temperaturen er behageleg heile året. Her føregår det diverse aktivitetar både på dag og kveldstid og det er ein god stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette. Sjå Luranetunet sin facebook side/ eller heimesida vår for meir informasjon: oskommune.no

Arbeidsstad – Luranetunet

Avdeling Skogheim er ei lita avdeling med 11 plasser for pasientar med sjukdommen demens. Avdelinga var ny i november 2017 og har lyse pene lokalar, baderomma er tilrettelagt med hev og senkbare toalett og vask, og det er takheis i alle bebuarromma.

Luranetunet har 6 avdelingar for pasientar med sjukdommen demens og satsar mykje på kompetansebygging, blant anna ABC demens. Alle demensavdelingane våre jobbar personsentrert, som er den anbefalte nye faglege nasjonale retningslinja om demens. Vi vil byggja eit fagmiljø som er med å fremja synet om demens i samfunnet og som er opptatt av å sjå mennesket bak sjukdommen. Vårt motto er: “det mennesket med demens har, blir vektlagt meir enn det som manglar”.

Dette året har vi stor satsing på prosjekt “Tidleg oppdagelse av forverra tilstand” på alle avdelingar.

Vi har ledig 85% sjukepleiarstilling i vanlig turnus med arbeid kvar 3. helg

Kvalifikasjonar

– Autorisasjon som sjukepleiar
– Du er løysningsfokusert og har god kommunikasjons- og samarbeidsevne
– Det er ønskjeleg at du har erfaring og kompetanse innan demens
– Utdanning frå utlandet – godkjenning av NOKUT
– Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått “Bergenstesten” (test i norsk- høgare nivå)
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Arbeid i ei verksemd i utvikling og moglegheit til å vera med å påverka.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Vi ser fram til å høyra frå deg !

Slik søkjer du

Klikk på “søk på stilling” og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen “Glemt brukernavn/passord” eller ta kontakt med Personalavdelinga.