Helsefagarbeidar – nattstilling 68% vikariat i Pleie- og omsorgstenesta

Deltid
Midthordland
Lagt ut for 5 dager siden

Job Features

BransjeHelsepersonell
Del stillingen:

Job Description

Beskrivelse

Luranetunet “Varme og Vekst i Samspel”

“Nye” Luranetunet vart opna i november 2017 og har no 175 plassar fordelt på 2 korttidsavdelingar og 8 langtidsavdelingar.
I tillegg til dagsenter, ressurssenter og base for heimetenester og serviceavdelingar.
Vi har og ein ny og flott innebygt tropehage på 1300 m2 kor temperaturen er behageleg heile året. Her føregår det diverse aktivitetar både på dag- og kveldstid og det er ein god stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette. Sjå heimesida vår for meir informasjon: oskommune.no eller Luranetunet sin facebook side.

Vi har ledig 68% vikariat på natt frå 06.01.2020-03.01.2021

Nattevaktene på Luranetunet går i arbeidslag som består av to, tre eller fire nattevakter. Det er fem arbeidslag på natt og dei består av sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.
I tillegg har heimebasert omsorg to sjukepleiarar på natt med base på Luranetunet. Vi har god teknologi der ein enkelt kan kontakte kollega i eit anna nattevaktslag.

Arbeidsstad

Pleie- og omsorgstenesta, Luranetunet v/nattevaktslag 3.

Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga

– Utøva sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert ivaretatt
-Dokumentera helsehjelp i Profil
– Samarbeida med yrkesgrupper innan eige fagområde
– Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
– Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert.

Kvalifikasjonar

– Autorisasjon som helsefagarbeidar
– Interesse for arbeid med demente
– Du er løysningsfokusert og har god kommunikasjons- og samarbeidsevne
– Bestått Norskkurs Nivå B2, for søkjarar utanfor Norden
– Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Tillegg i årsløn for natt: kr. 30.000,-

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Vi ser fram til å høre frå deg !

Slik søkjer du

Klikk på “søk på stilling” og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen “Glemt brukernavn/passord” eller ta kontakt med Personalavdelinga.