Helsefagarbeidar 77% fast – Luranetunet

Deltid
Midthordland
Lagt ut for 5 dager siden

Job Features

BransjeHelsepersonell
Del stillingen:

Job Description

Beskrivelse

Luranetunet – “Varme og Vekst i Samspel”

“Nye” Luranetunet vart opna i november 2017 og rommar 2 korttidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar, dagsenter, ressurssenter, base for heimetenester og serviceavdelingar. Vi har og ein ny og flott innebygt tropehage på 1300 m2 kor temperaturen er behageleg heile året. Her føregår det diverse aktivitetar både på dag og kveldstid og det er ein god stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette. Sjå Luranetunet sin facebook side/ eller heimesida vår for meir informasjon: oskommune.no

Arbeidsstad – Luranetunet, avdeling Solheim

Avdeling Solheim er ei avdeling med 20 plasser for personar med sjukdommen demens.

Det er seks avdelingar for pasientar med sjukedommen demens på Luranetunet. Alle dementavdelingane våre jobbar personsentrert, som er den anbefalte nye faglege nasjonale retningslinja om demens. Vi vil byggja eit fagmiljø som er med å fremja synet om demens i samfunnet og som er opptatt av å sjå mennesket bak sjukdommen. Vårt motto er: “det mennesket med demens har, blir vektlagt meir enn det som manglar”.

Vi har ledig 77% fast stilling ledig frå 06.01.2020 – turnus arbeid kvar 3 helg

Kvalifikasjonar

– Autorisasjon som helsefagarbeidar
– Du er løysningsfokusert og har god kommunikasjons- og samarbeidsevne
– Det er ønskjeleg at du har erfaring og kompetanse innan demens
– Utdanning frå utlandet må vera godkjent av NOKUT
– Bestått Norskkurs Nivå B2, for søkjarar utanfor Norden
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Arbeid i ei verksemd i utvikling og moglegheit til å vera med å påverka.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Vi ser fram til å høyra frå deg !

Slik søkjer du

Klikk på “søk på stilling” og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen “Glemt brukernavn/passord” eller ta kontakt med Personalavdelinga.