Barnehagelærar – Os barnehage

Heltid, Vikariat
Midthordland
Lagt ut for 4 uker siden

Job Features

BransjeBarnehage
Del stillingen:

Job Description

Beskrivelse

Ledig vikariat som barnehagelærar i 100% stilling, frå 11.11.19 til 16.08.2020, med mulighet for forlenging.

Arbeidsstad

Os barnehage ligg sentralt til i Os, nær E-39, 40 min med buss frå Bergen sentrum. Barnehagen var bygd i 2011, har 8 avdelinger og ligg fint plassert med friområde og Os sentrum i gangavstand.

Arbeidsoppgåver

Barnehagelærar vil saman med pedagogisk leiar ha ansvar for det pedagogiske arbeidet på avdelinga/ i barnehagen, og bidra til å leggja til rette for barnas læring, utvikling og danning. Andre ansvarsområder er planlegging, vurdering, utvikling og gjennomføring av oppgåver på både avdelinga og i barnehagen generelt. Samarbeid med foreldre og rettleiing av personalet er også ein viktig del av arbeidet.

Kvalifikasjonar

Utdanning som barnehagelærar. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Vi ønskjer ein person som er god på relasjonar.
Du må vere fleksibel, samarbeidsvillig og kunne supplere fagleg og sosialt i eit stort arbeidsmiljø.
Det vert lagt vekt personlege eigenskapar.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du

Klikk på “søk på stilling” og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen “Glemt brukernavn/passord” eller ta kontakt med Personalavdelinga.