Avdelingsleiar – Luranetunet

Os kommune

Heltid
Midthordland
Lagt ut for 3 uker siden

Job Features

BransjeHelsepersonell, Leder
Del stillingen:

Job Description

Luranetunet – “Varme og Vekst i Samspel”

Nye Luranetunet vart opna i november 2017 og rommar 2 korttidsavdelingar,8 langtidsavdelingar, dagsenter, ressurssenter, base for heimetenester og serviceavdelingar. Vi har og ein ny og flott innebygt tropehage på 1300 m2 kor temperaturen er behageleg heile året. Her føregår det diverse aktivitetar både på dag og kveldstid og det er ein god stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette. Sjå heimesida vår for meir informasjon: oskommune.no

Vi har ledig : 100% stilling som avdelingsleiar på avdeling Solheim

Dersom du har brennande engasjement for demente og ønskjer å vere med å utvikla tilbodet til personar med demens på langtidsavdeling, er dette stillinga for deg. Du vil ha varierte arbeids- og ansvarsoppgåver og leia ein stab med dyktige og engasjerte medarbeidarar.

Avdeling Solheim er ein avdeling med 20 plasser for personer med sjukdommen demens.

Vi har 6 avdelingar for pasientar med sjukdommen demens. Alle demensavdelingane våre jobbar personsentrert, som er den anbefalte faglege nasjonale retningslinja om demens. Vi vil byggja eit fagmiljø som er med å fremja synet om demens i samfunnet og som er opptatt av å sjå mennesket bak sjukdommen. Vårt motto er: “det mennesket med demens har, blir vektlagt meir enn det som manglar”.

Arbeidsstad

Pleie- og omsorgstenesta, Luranetunet, avdeling Solheim.

Arbeidsoppgåver

– planlegga drifta i avdelinga
– ansvar for dagleg drift og arbeidsplanar
– utarbeida, forvalta og vidareutvikla gode system som sikrar at brukarane sine rettar blir tatt i vare
– bidra til å utvikla gode tenester for personar med demenssjukdom og deira pårørande
– fagleg leiing og oppfølging av personalet
– fagleg og etisk rettleiing av tilsette
– vera ein del av leiargruppa og medverka til utvikling av gode tenester i Pleie- og omsorgstenesta

Kvalifikasjonar

– autorisert sjukepleiar
– leiarutdanning og vidareutdanning i geriatri, eller anna relevant vidareutdanning er ein fordel men ikkje eit krav
– ønskjeleg med leiarerfaring
– erfaring frå arbeid med demente
– god datakunnskap og kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Profil eller andre PLO system vil vera ein fordel
– god munnleg og skriftleg framstillingsevne
– søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått ” Bergenstest” ( test i norsk – på høgare nivå)
– utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Eigenskapar

Vi ønskjer deg som:
– har interesse for demensomsorg og miljøterapeutisk arbeid
– har gode kommunikasjons -og samarbeidsevner
– er drivande oppteken av kvalitet og fagutvikling
– evnar å motivera og skapa engasjement blant dei tilsette
– er tydeleg, arbeidar målretta og har gjennomføringskraft
– har evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag
– er positiv, kreativ og løysningsorientert.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Arbeid i ei verksemd i utvikling og moglegheit til å vera med å påverka
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Vi ser fram til å høyra frå deg !

SØK HER