Skogbruks -leiar/planleggjar

Vestskog

Deltid, Heltid
Hordaland, Voss
Lagt ut for 2 uker siden

Job Features

BransjeSkogbruk
Del stillingen:

Job Description

VESTSKOG SA er eit andelslag for skogeigarar på Vestlandet med langsiktig perspektiv på sin aktivitet.
Vestskog er den leiande aktøren innafor vestnorsk tømmeromsetning og vår oppgåve er å sikra meirverdi for våre
eigarar. Viktigaste arbeidsoppgåver er tømmeromsetnad, skogbruksplanlegging, næringspolitisk arbeid, skogfagleg og økonomisk rettleiing og oppdrag knytt til skogsdrifter og skogkultur.

vil du jobba med
SKOG?

Skogbruksleiar Nordhordland

Vi søkjer ein kontaktskapande og resultatorientert person, gjerne med bra lokalkunnskap. Stillinga har breie kontaktflaterog krev evne til å etablera gode relasjonar. Stillinga rapporterer til produksjonssjef Guro K. Christensen og har eit budsjettansvar for sitt område.

Skogbruksplanleggar (eitt års vikariat)

Vi søkjer ein planleggjar med kunnskap om og bruk av GIS (geografisk informasjonssystem). Stillinga medfører
sjølvstendig arbeid i felt samt grunneigarkontakt. Stillinga rapporterer til plansjef Jan Ivar Rødland og har
budsjettansvar for sine oppdrag.

For begge stillingane gjeld:
• Kontorstad er Bergen eller Voss (etter avtale)
• Søkjar bør ha skogutdanning og/eller kompetanse frå praktisk skogbruk. Vidare er det ynskjeleg med kunnskap i bruk av dei mest vanlege IT-verktøy
• Vi oppmodar nyutdanna om å søkja.

Sjå fullstendig lysing på:
www.vestskog.no https://www.vestskog.no/stilling-ledig-skogbruksleiar-i-indre-hordaland-2-2/
Søknadsfrist: 10. mars 2019.